Til forsiden

Kven vinn nynorskprisen i år?

Den 4. april er fristen for å kome med framlegg til kven som bør få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2016. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som medverkar til det.

Først publisert

I fjor var det Jan Zahl, kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad, som fekk prisen. Tidlegare har mellom andre Ingunn Solheim, NRK, Hilde Sandvik, Bergens Tidende, Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Katrine Sæle, Firda og Linda Eide, NRK, fått han. Prisen er på kr. 50.000 og eit kunstverk, og vert delt ut for ellevte gong.

Kven som får prisen vert bestemt av ein eigen jury. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Forfattar og journalist i Dag og Tid, Agnes Ravatn, og redaktør Svend Arne Vee, i Firdaposten, er også med i juryen.

- Dette er ein journalistpris og vi ynskjer framlegg om dyktige nynorskbrukande journalistar som arbeider på nettsider, i aviser og tidsskrift, radio og fjernsyn. Det er viktig at det fylgjer ei grunngjeving med framlegga, seier Håkon Haugsbø, leiar for juryen.

Leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var Kulturdepartementet si gåve til Nynorsk mediesenter då senteret vart opna i 2004. Sjå meir om prisen her.

Trenger du rådgivning?

Kontakt oss på telefon eller e-post

Kontakt oss
Reidun Kjelling NybøReidun Kjelling Nybø

Vi er tilgjengelige via hotline 24/7 for alle medlemmer

Utforsk ressursene

Let i NRs veiledere, domsarkiv, rapporter, kursopptak og spørsmål & svar

Trykk Enter for å søke..

Se alle ressurser

Til forsiden

Til forsiden

Designet og utviklet av Kult Byrå